Game cover for Prince of Persia 2: The Shadow & The Flame

Prince of Persia 2: The Shadow & The Flame

0 1 0 2
Release year: 1993
Age rating: 12
Platform(s): DOS platform icon
Game mode(s):
Singleplayer
License: Abandonware
Visits: 9684

Prince of Persia 2: The Shadow & The Flame

No game description available yet

Published: 14.12 2011 by Oldtree

Etter å ha slite deg gjennom det fyrste «Prince of Persia», meistra sverdkunsten, hoppa gjennom dødelege feller og ikkje minst, lidd mange nederlag skulle ein vel tru at den vonde vesiren Jaffar endeleg var daud? Og vår helt kunne slappe av med prinsessa i sitt liv? Neidå, det ville ha vore for enkelt. Det tok heile 11 dagar før han kom tilbake og denne gongen har han stole livet ditt!

Dersom du ikkje har spelt det fyrste spelet vil ein kort introduksjonsekvens ta deg gjennom den korte historia til det fyrste spelet, før han svartmalar heile situasjonen med vesiren Jaffar sin retur. Han har nemleg fortrylle heile hoffet, prinsessa inkludert, til å tru at han er den persiske prinsen! Når vår eigentlege prins kjem inn i hoffet stirrar folk på han med vantru. Det er berre ein ting å gjera; flykta.

Spelet kastar deg så, bokstaveleg talt, ut av eit vindauge og rett inn i prinsen sin nye hektiske time. Palasset sine vaktar kjem springane til, men er inga hindring for vår helt. Men han kan ikkje vera her lenger og flyktar ned til hamna. Der hoppar han om bord i ein forlatande båt og seglar vekk. Som den korte scenen ein no ser seier, prinsen vår ferer frå byen som han kom; fattig og ukjend.

Men slik kan det ikkje enda. Med eit nytt tidspressa eventyr må du som prinsen kjempa deg gjennom nye utfordringar og farar. Og det er ikkje kun palasset og fangeholet du har å boltra deg på lenger. Nei, no kjem du til klaustrofobisk grottar, gamle ruinar og mystiske fort. Og ikkje nok med det, med desse nye leikeplassane kjem og nye fiendar. Flygande hovudskallar, slangar og mystiske soldatar med fuglehjelm. Og om du hugsar det udødelege skjelettet frå det fyrste spelet? No får du møta heile familien hans...

Men kva med tidspresset? Heile det fyrste spelet måtte no gjennomførast innan 60 minuttar? Nei, du kjem ikkje unna her heller. Klokka startar ikkje heilt med ein gong, men den vonde vesiren kastar ei ny forheksing på prinsessa. Inga timeglas denne gongen, men eit visnande tre varslar om prinsessa si skjebne dersom du ikkje får slått Jaffar ned nok ein gong. Kor lang tid har du denne gongen? Klokka er skrudd opp til 75 minutt denne gongen, men det tydar berre på mange fleire hindringar å forsera.

For hindringar, det er det mange av i spelet. Frå vanskegraden i det fyrste spelet har utviklarane tatt steget opp! Fiendane du møter no er endå vanskelegare og endå fleire. Nokre gongar slengar spelet fleire samtidig mot deg og forventar at dette skal du klara. Ein utspekulert struktur på nivåa skapar ein endå verre labyrinteffekt der du kjennar deg rimeleg fortapt om du ikkje kan vegen. Dette kombinert med dødelege fellar plassert på strategiske plassar gjer at du kjem til å mista ditt siste helsepoeng mange mange gongar. Men er dette så farleg då? Du har no uendeleg med liv og vert berre sendt tilbake til starten av kvart brett (eller dei prisgitte lagringspunkta gjennom bretta). Klokka vert som i det fyrste spelet ikkje sett tilbake for kvar gong, og for kvar daude prins vil det vera tapt tid. For ikkje snakk om frustrasjonen du kjenner når du ikkje klarar det same hoppet mange gongar på rad.

Presisjonskontrollen frå det fyrste spelet er tilbake med mange av dei same animasjonane. Det same kan ein seia om fektekontrollen som går ut på å kombinera angrep ved «ctrl»-knappen med parader ved opp-pila. I tillegg til piltastane for rørsle er «shift» ein knapp som vert nytta ofte for å hengja på kantar eller ta dei forsiktige stega for ikkje å trå feil. Det er lagt til ein generøs treigheit i alle rørslene til prinsen, men etter å ha spelt ein stund kjennast dei ganske naturlege. Ein gjer klar den neste rørsla før animasjonen til den fyrste er ferdig og prinsen går dimed direkte over i neste animasjon med silkemjuk overgang.

Sjølv om animasjonane er mykje dei same som i det fyrste spelet så er grafikken langt frå lik. Friske fargar og scenar i høg oppløysing visar at det er gjort store framskritt i dei åra mellom fyrste og andre spel. Men bak denne oppgraderinga ser ein at det framleis er det klassiske oppsettet som ein likte frå fyrste versjonen. Det er no berre vanskelegare å telja plater for å sjå kvar ein skal starta satsen i eit hopp. Musikken fylgjer deg mykje meir no enn i det fyrste spelet. Der det før var kun fotsteg og stønn du kunne høyra er det no varierande musikk som passar til der du er.

Dersom du tek sjansen og lastar ned «Prince of Persia 2: The Shadow & The Flame» må du vera førebudd på mange frustrasjonar, men og glede og meistringskjensle etter kvart som du arbeidar deg frem i spelet. Er du ein fan av det fyrste spelet må du no sjølvsagt lasta ned etterfylgjaren for å fortsetja eventyret. Det vil seia, om du i det heile tatt klarar å komma deg gjennom.

Teknisk info.

For å komma forbi kopibeskyttinga kan du nytta den medfylgjande .gif fila.

Score summary
Graphics: 5
Sound: 4.5
Gameplay: 5.5
Story: 5
Difficulty: 6
Learning curve: 4
Total: 5
Review by Oldtree

Published 14.12 2011

User avatar

There is currently no gameplay video for this game. But, you can help add it!

You need to login to display files related to this title. No account? Create one today!
The Retro Spirit uses cookies to make the site work. Not that you care, but consider yourself informed. More info.