Game cover for Commander Keen 5: The Armageddon Machine

Commander Keen 5: The Armageddon Machine

0 3 0 2
Developer: ID Software
Release year: 1991
Age rating: all
Platform(s): DOS platform icon
Game mode(s):
Singleplayer
License: Abandonware
Visits: 8303

Commander Keen 5: The Armageddon Machine

The fifth game in the series and the second game in the series "Goodbye, Galaxy". Billy Blaze, or Commander Keen as he's more famously known for, must prevent the aliens from blowing up the galaxy with their armageddon machine.

Published: 04.12 2012 by Coreus

Eventyret til vår unge helt, Billy Blaze, fortsetter i episode 5: «The Armageddon Machine»! Etter å ha redda dei åtte medlemmane av det gnostiske råd i førre episode, starta dei opp sitt allvitande orakel for å hjelpa Billy vidare. Orakelet kjem med den dystre informasjonen om at dei vonde «Shikadi» er nesten ferdige med å byggja ein dommedagsmaskin til å utsletta heile galaksen! Slikt noko kan me ikkje ha noko av. Billy trer inn ( eller rettare sagt fortsetter ) inn i rollen som kommandør Keen og susar av garde for å stoppe romstasjonen «Omegamatic». Med romskipet sitt sniker han seg opp til metallmonsteret sitt ventilasjonssystem og startar på sitt mest farefylte oppdrag nokonsinne.

«Commander Keen 5: The Armageddon Machine» er, som tittelen tilseier, det femte spelet i spelserien «Commander Keen». Det er det avsluttande spelet i den andre serien, kjend som «Goodbye, Galaxy», og fortsetter på historia som starta i det fjerde spelet. Analogt med overgangen frå det fyrste til det andre spelet tek miljøet no ei endring frå ein ukjend planet til ein massiv romstasjon. Istadenfor det lokale plante- og dyreliv må du no sloss med maskinar og robotar gjennom tolv (tretten) brett før galaksen nok ein gong er trygg.

Dersom du naturleg nok kjem frå å ha fullført «Keen 4» vil spelet kjennast ganske likt. «Keen 5» nyttar nemleg den same spelmotoren og vår helt nyttar akkurat dei same gamle triksa som før. Gjennom spelet er han utstyrt med sin effektive nervefrysande strålepistol samt den spretne hoppestokken han fann på mars heilt tilbake i fyrste episode. Korleis vil det gå når ein slepp laus ein spretten romhelt med hoppestokk i tronge korridorar om bord på romskip? Ingenting å bekymra seg for. Med sin karakteristiske fotballhjelm er Billy heilt trygg der han dundrar opp i alle tak for å leita etter gøymde bonuspoeng. Kvar gong med ein tilfredsstillande «klonk» lyd.

Men heilt trygg er ikkje Billy. For sjølv om det kan vera artig å vimsa rundt på ein dommedags-maskin og skyta vilt rundt seg sprettande på ein hoppestokk så er det mange ting som er ute etter å ta han. Alt frå små til store robotar, samt dei mystiske gjennomsiktige romvesena som streifar rundt i dei seinare nivåa. Dei fleste av desse kan nøytraliserast med strålepistolen, men ikkje alle. Og som åtteåringar flest toler ikkje Billy sjølv mykje av det som vert kasta mot han. Kun eit einaste treff. Den minste kontakt med feil ting og figuren vår hoppar av skjermen med store forfjamsa auge. Gjerne med fleire hopp dersom han skulle vere så uheldig å treffa fleire skarpe eller brennande feller på vegen ut.

Heldigvis så er brettdesignen godt gjennomførd og kontrollen ikkje så verst. Kommandøren vår kan kjennast litt tung i rørsla, særskild når me hoppar eller nyttar hoppestokken, men det tek ikkje lang tid før det kjennast naturleg ut. Som regel ligger det velkjende menneskelege feil bak kvart tapt liv og eg kjenner at eg skyldar meir på meg sjølv enn spelet når eg for n-te gong må sjå figuren min verte geleida ut av skjermen til ein bebreidande melodi.

Men sjølv om kanskje kjem til å høyra den trudelutten mange gongar så har spelet nok av anna musikk spelande til ein kvar tid. Dette kombinert med klare og friske fargar gjer at både auge og øyre nyter tida der fingrane og hjernen sliter med å komma seg gjennom kvart brett. Designen minnar mykje om teikneseriestil og passar godt med tanke på at det er ein åtteårig superhelt me styrar. Vel å merka så nyttar han til og med ikkje-dødeleg våpen då alle fiendar kun får ein ring med stjerner spinnande rundt seg når dei vert skoten ned, inklusiv robotane!

Spelet passar dimed godt når du følar for litt eit litt enkelt, men utfordrande, spel etter ein slitsam dag. Det er enkelt å kjapt komma i gang og kvart nivå lar seg enkelt gjennomføra i løpet av kort tid. Det vil seia så lenge du ikkje er så uheldig og støytar borti noko som sendar Billy flagrande av skjermen. Du vert då sendt tilbake til oversiktskartet og får valet mellom å prøva på ny eller velja eit anna brett. Sjølv om historia hengjer direkte saman med det fjerde spelet i serien, og indirekte saman med fyrste trilogi, så trenger ein naudsynt ikkje å ha gjennomført dei tidlegare speli for å hengja med her. Personleg favoriserer eg Keen 4 sjølv, men det er fordi det er mykje større variasjon i verda der og større valfridom i kva brett du vil spela. Men det kan òg vera fordi den store raude roboten framleis gjev meg mareritt der han dundrar ei solid salve med raude laserstrålar i min generelle retning...

Score summary
Graphics: 4.5
Sound: 5
Gameplay: 5
Story: 4
Difficulty: 5
Learning curve: 4
Total: 5
Review by Oldtree

Published 04.12 2012

User avatar

There is currently no gameplay video for this game. But, you can help add it!

You need to login to display files related to this title. No account? Create one today!
The Retro Spirit uses cookies to make the site work. Not that you care, but consider yourself informed. More info.