Our annual 12 Days of Christmas 🎄 begins 12th of December 2019! Why not check out previous years in the meantime? Join us on Discord!

Golden Spirit Award Game cover for The Settlers II: Veni, Vidi, Vici

The Settlers II: Veni, Vidi, Vici

4 5 3 1
Developer: Blue Byte Software
Publisher: No publisher defined
Release year: 1996
Age rating: 7
Platform(s): DOS platform icon
Game mode(s):
Singleplayer
License: Abandonware
Visits: 17907

The Settlers II: Veni, Vidi, Vici

Oppfølgeren til Serf City: Life is Feudal eller Settlers tilbyr større brett, mange flere bygninger og bedre kontroll enn tidligere. Skap den perfekte sivilisasjonen ved å begynne i det små, alt i herlig SVGA-oppløsning!

Published: 21.10 2008 by Oldtree

I dei gamle DOS dagar kom det ut mange strategispel. Nokon gode, og andre dårlege. The Settlers II: Veni, Vidi, Vici høyrar sjølvsagt til ein av dei betre. Spelet er etterfylgjaren til The Settlers (og kjent som Serf City – Life is Feudal), og liknar ved fyrste augekast veldig mykje på han med oppgradert grafikk. Men sidan eg ikkje har klart å få orginalen til å jobba saman med maskina mi og dermed ikkje fått spelt han vil eg ikkje trekkje for mange parallellar. Men sidan me har The Settlers tilgjengeleg her på The DOS Spirit så er mulegheiten der for å prøva han óg ut.

Spelestilen til Settlers II har overlevd åra så godt at det i 2006 vart laga ein nyversjon av spelet med oppgradert grafikk. Utan sjølv å ha prøvd denne nye versjonen skal han visstnok vera tro mot orginalen i spelestil, noko etterfylgjarane ikkje har vore like flinke til.

Spelet går ut på å byggja deg eit lite rike. Du startar med hovudkvarteret ditt, ein flott liten bygning fylt med små arbeidarar og verdifulle ressursar, og byggjar vidare ut derifrå. Det gjer du ved å trykke på eit romsleg område og velja deg ut ein bygning. Eit flagg og ein grunnstein vert så planta der for å symbolisere at her skal det byggjast noko. Deretter må du binda saman flagget til det nye huset med flagget til hovudkvarteret slik at byggjaren har ein plass å vandre. Langs vegen vil det óg dukka opp ein liten blåkledd mann som flyttar på ressursar langs vegen.

Det fyrste du prioriterar er gjerne å byggje eit lite hus for ein tømmerhoggar og eit steinverk i nærheita av ei steinrøys. Vidare treng sjølvsagt tømmeret å sagast opp og den neste bygninga vert naturleg nok eit sagverk. Fundamentet ditt er no skapt og du vil sanka inn dei to ressursane du vil nytta til å byggje alle dine andre hus.

Oppgåva di no er å sanka inn meir ressursar som alle har sin nytteverdi. Og nokon av dei meir avanserte ressursane kan ha ein ganske lang veg før dei vert ferdige. Som eit eksempel kan eg nemna den lengste. Her startar du simpelt nok med å sanka korn frå ein gard (som i seg sjølv treng meir plass enn dei andre bygningane sidan bonden vandrar rundt og sår avlingane sine rundt bygninga.). Dette sendast vidare møllaren som maler kornet opp til mjøl. Bakeren tek så over og bakar ut brød med mjølet og vatn. Brødet tek deretter ein lang tur til gruvane der dei svoltne kol og jarn gruvearbeidarne et med stor apetitt. Jarnmalmen og kolet frå gruvane sendast til smelteriet som igjen sendar vidare jarn til metallarbeidaren. Her kombinerar han jarnet med plankar (som igjen er saga opp frå tømmer) og du får til slutt ut verkty. Heldigvis er ikkje alle ressursanevegane like innvikla, men verktyet er viktig i den forstand at nær sagt alle dine spesialiserte arbeidarar treng kvar sin spesielle verkty. Men sidan hovudkvarteret ditt startar spelet med eit lite lagar har eg ikkje oppleve å ha gått tom nokon gong.

Med alle desse bygningane er det fort det vert dårleg plass, og dette løyser du ved å utvide grensa til område ditt med militær makt. Då byggjer du brakkar og vaktpostar som flyttar på grensesteinane. Slik fortset du gjerne utøve til du møtar på grensa til nokon andre i form av grensesteinar i ein anna farge. For å komme vidare, som ofte er ditt mål, så er du nøydt til å senda dine eigne soldatar for å ta øve fienden sine militære brakkar. Då flyttar du grensesteinane på nytt utover og får meir plass å byggja på. Vel å merke, så kan fienden òg sende sine soldatar for å ta over brakkane dine. Og dersom det skjer, så brenn dei ned alle bygningane dine som du ikkje lenger kan passa på.

Grafikken i The Settlers II er som forgjengare isometrisk, og han skapar ein bra illusjon av kuperinga til landskapet. Går vegen i ein oppoverbakke så brukar dei små bærarane litt lenger tid å gå opp, og motsatt tilbake. Trær svaiar i vinden og du kan sjå små dyr vandrar rundt. Bygningane du set opp vert animert når dei er i drift og det heile verkar svært levande når du ser vindmøller gå rundt og flakkande lys i gruvane. Men det som er det beste er å sjå alle dine små arbeidarar vandra rundt på vegane bærande på ting og tang, eller ligge og snorke ved husveggen av mens kornet vert malt i mølla. All aktiviteten suger deg lett inn og tida går fort når du er komme eit stykkje i spelet.

Og akkurat dette med tiden kan vera ein liten barriere i starten. Det tek veldig lang tid å byggja bygningane. Ressursane må lempast ut til huset slik at byggjaren, som sjølv må vandra ut til bygninga, kan setja det opp. Dine fyrste bygningar vil dermed verka som det tek ein evigheit å setja opp, men når du kjem lenger ut i spelet vil det pågå så mykje at du ikkje legg merke til det lenger. Men eg saknar alikavel ein måte å styra hastigheiten til spelet, slik at du berre kan køyre opp farten når du sit og ventar på at brakka di skal verta ferdig.

Musikken er svært så behageleg å høyra på og passar godt til spelet. Han kan verka litt pompøs, men gitt at det skal vera stolte romarar du styrer så passar det godt. Det livlege dyrelivet kan derimot verka heller litt intensivt. Når du spelar vil du konstant høyra fuglekvitter sjølv om du knapt ser nokon flaksa rundt. Men om du ikkje berre venne deg til dette så er moglegheita der til å skru ned lydeffektane. Bieffekten av det er at du fort går glipp av andre små lydar som du gjerne vil høyre. Slik som lyden av at geologen ropar «jippi» når han finn ein ressurs eller kurringa av ei due når du får melding. Så sjølv om fuglane i spelet verkar litt hyperaktive likar eg personleg godt musikken og lydane i spelet.

The Settlers II endar opp med å vera eit ganske behageleg strategispel som utviklar seg i eit roleg tempo. Han inneheld ein heller hyggeleg atmosfære der du vert vinka til av små pikselfigurar og du skapar eit eige lite sjølvdrivande samfunn frå ei gruppe skipbrudne stakkarar. Spelet tek tid og krevjar dermed sitt av tolmod, men med mulegheita til å lagra spelet til ein kvar tid så kan det lett spelast i fleire sesjonar. Ein koseleg gammal klassikar som fortener utmerkinga «Golden Dos Spirit».

Merk.
Sjølv hadde eg problem med å få musikken til å funke, og desverre så manglar videoen musikk. Så når du lastar ned spelet så bør du gå inn i setup og prøve å velja deg ein setting som funkar. Sjølv funka Ad Lib for MIDI for meg, men det er hovudsakleg berre prøving og feiling som funkar.

Score summary
Graphics: 6
Sound: 5
Gameplay: 5
Story: 4
Total: 5
Review by Oldtree

Published 21.10 2008

User avatar

There is currently no gameplay video for this game. But, you can help add it!

You need to login to display files related to this title. No account? Create one today!
The Retro Spirit uses cookies to make the site work. Not that you care, but consider yourself informed. More info.